mandag 28. desember 2009

Verdens beste store jente.

I mange månader har eg gått og ønska meg eit slikt sinkhus som ein ser over heile blogglandet, men det har alltid vore utsolgt. Julaften var eg verdens lykkeligaste mor, for kva anna hadde store jenta mi putta under treet enn eit nydelig sink hus. AKKURAT SLIK MOR ØNSKA SEG ! Sjå kor nydelig det blei !

1.juledag

Her i liabygda er det tradisjon at nesten det som kan krype og gå tar seg ein spasertur til ansok,der blir alle bydd på cola eller cognac av han som bor der.Dei sist åra har det vore utrulig fint ver, mann min tok nokon flotte bilder eg tenkte å vise fram.

4.juldag


Pyntinga av huset i år har ikkje akurat blitt som planlagt, etter mykje sjukdom føler eg at ting meir eller mindre har blitt slengt ut over.Så vi får jammen håpe på ein bedre desember i 2010, da skal ting planlegges og gjennomføres.Men eg må sei at det er utrulig koselig med ein fin peis når englane stig opp fra pappkassene.

søndag 27. desember 2009

jula 2009


No har julefreden senket seg over både hus og skulder. Vi hadde ein koselig julaften heime i vår egen stove for andre gang i nytt hus. Barna var stor fornøgd med PS3, så mor i huset har fått mange timer for seg sjølv når far og barn er heilt oppslukt i Indiana Jones spill. Det er lenge siden sist eg har vore på bloggen no :) Men etter at min gode gamle vennine Marianne hadde blogg reportasje hos meg tenkte eg " hum her var no jammen mange fine motiv i huset vårt ". Så lur som eg er love eg meg sjølv at flinkere skulle eg bli, så no må eg prøve.

Min bloggliste

Totalt fra 20.02.10

Besøk i dag

Online