tirsdag 13. desember 2011

Luciadag

I dag har det jammen blitt 13 desember, store jenta mi er 13 år i dag. Kan nesten ikkje tru at det er så lenge sidan vi fekk denne nydelige mørke prinsessa vår ,som i dag har blitt til ei flott ungjente med nydelige nøttebrune øyne og langt lyst hår.

Det er ikkje ordentlig bursdag uten lussekatter så i helga hadde verdens beste tante baka, blida er fra i fjor da eg baka ;)

Blir ikkje så mykje baking sidan eg opererte ei hand for ei uke sida, no blir det bare å sitte å sjå på rotet og tenke på alt som skal gjerast før jul.


Men jula kjem i år også sjølv om det ikkje er reint i kvar ein krok .

God førjulstid !!!

søndag 28. august 2011

Etter ein lang sommer

Hei igjen !!!
Lenge sidan sist no , hadde ein plan om masse terasse blogging i sommer men sommeren kom aldri .
Sommerblomstrane står fortsatt i vinduskarmen , dei stakkarane som slapp ut drukna.
I dag er det øsepøse regnver, og med det kom blogglysta tilbake .
Tida er inne for å dille rundt i heimen igjen , i sommer har alt stått på stedet hvil.
Men no siste dagane har eg kjendt på at lysta til å gjere noko anna enn nødvendig husarbeid komme snikande.


Denne veka blei eg eit år eldre , og mine super søte veninner overdryste meg med gaver . Blei heilt overvelda og alle tinga har no funne sin plass i heimen, som denne lekre kassa med orkide og flaske .
Sååå  fint , dokke e så alt for snill !!!



Ellers er det ikkje så mykje nytt , har blitt ein del hekkling i sommer , skal vise dokke prosjekta ein anna dag . 
Jo litt nytt er det , store pia har begynt på ungdomsskule , ho stor trivest der.

Ønsker alle ei koselig søndag !!

KLem fra

onsdag 25. mai 2011

Rosa liv

Tida flyg , no er det mange veker sidan eg var innom her.
Det har vore ei hektisk tid der mykje har skjedd, tida til blogging har vore nedprioritert.
Men no håper eg å vere tilbake ;)

Den rosatid har igjen inntatt heimen, eg går berre å koser meg og ser på alle dei rosa gledene.
For rosa er virkelig gledens farge , ein blir så glad  !!!


Glede er også minner om fineversdager som det er lenge sidan vi hadde, dette leretet er laga av bilder tatt av min kjære på Blimsanden.

I dag har det vore fridag og berre avslapping i heimen , har sydd ei rosa pute som eg skal vise dokke seinere når heile prosjektet er ferdig .
Lengselen etter sommer og sol er for tida veldig stor, no har vi fått nok regn for mange månader.
No blir det litt meir sying iløpet av kvelden så kansje puteprosjektet blir ferdig til sola kjem igjen :)
Ha ein flott kveld !! OG HUSK Å KOMENTERE OGSÅ UNDER ANONYM ;VEIT DOKKE LES ;)
Klem

tirsdag 5. april 2011

Tidlig krøkes !!

Vart berre så overrumplet og smilande når nye bilder blei lagt inn på maskina.
Desse søte isbilda hadde barna tatt fredag når dei var heimeåleine og venta på mamma og pappa skulle komme heim fra jobb.

Slik når ein er vandt til at kvar gang det blir baka så er det ikkje lov å røre før mamma har tatt bilde ;)
SÅ SØTE DESSE GULLA !!

Ha ein flott dag !!

mandag 4. april 2011

Romantiske tider

Da var ei ny veke i gang, først er det tannlege time for lillebror i dag , sidan blir det seinvakt.
Veldig godt med seinvakt på mandag, blir ein rolig start på veka.

For ei tid tilbake laga eg nokre påskeegg, litt nostalgiske og koselige.
Hjertet sydde eg rett før helga, skal ikkje sjå vekk i fra at det blir fleire av desse.
Synest sjølv det var veldig romantisk :)

Typisk Milla er perler og blonder ;)
Kansje ei lita fjør .

Den søte flaska er ei tom hostesaft flaske som er litt oppstasja , så koselig .
No er det vel på tide å komme seg ut gjennom dørene , håper dokke fekk litt romantisk stemning;)
Dei som lurte på oppskrifta til muffins, den står på DET SØTE LIV , prøv dei !!!!
Ha ei flott veke !!!

KLEM

søndag 3. april 2011

Cupcake dream !!!!

Tenk om det hadde vore 5 dager helg og 2 dager jobb,men den gang ei. No er denne helga også forsvunne , enda eg ikkje har fått gjort ein brøkdel av det som eg hadde planlagt.
Men lørdag vart det cupcake baking .
Dei deiligaste Orio cupcake du bare kan drømme om, lett og lage var dei og .


Ein slik deilig kake er meir enn nok, lurer på å skaffe meg mini cupcake brett, nokon som har erfaring ?
Det kan bli litt vel mykje med slike store Amerikanske Cupcake.

Ei av desse blei pakka raskt inn i greengate papir og blei lørdagsgave til ei veninne . Ho blei kjempe glad !!!

I dag har vi vore i trekket heile dagen , no er det å vente på heimelaga pizza før Zumba.

Ha ei god veke !!!
KLem

onsdag 30. mars 2011

Fantastisk dag !!

I dag har det vore ein strålande dag !!
Spaturen som vi avlyste i går pga dårligver , kunne vore gjennomført likevel .
Men men kjekt å ha noko så deilig å sjå fram til ein anna onsdag .
Knall blå himmel og strålande sol !!!
Slik skal onsdag og fridag vere !!!
Men husarbeidet gjer seg ikkje sjølv .....

Dagen har gått med til å vaske litt , merkelig kor alt støv kjem fram ilag med sola.
har også besøkt mi kjære kjære bestemor . Desse rosa nellikane minner om bestemor , både eg og ho elskar rosa nellikar.

Noko ta dei nydeligaste blomstrer som finnes , og utrulig holdbare , varer iallefall ein månad.

Det var nokon bilder fra spisestova vår, fortsatt ellemelle om eg skal ha opp  gardiner eller ikkje, fint uten men koselig med ....hum...
Ka hadde dokke gjordt ?

Ønsker alle ein strålane slutt på veka !!
SNART HELG !!!!!

KLem

mandag 28. mars 2011

Arven

Denne flotte vasen kjøpte mor mi på loppemarked i sommer.
Blei berre litt misunnelig ;)
Etter eit halvt års sikling blei den endelig min :)
Må vel rekne den som ARV  :)
Så her etter går den for navnet " DEN STORE ARVEN "


Nedtellinga har starta ein dag til fri ;) Og da skal eg på jentekosetur !!!
Gledar meg stort !!!

Koselig med hjertebestilling :) 
I dag har det blitt sydd to linfarga , og dei blei " nudelig " !
Kjem bilde seinare ;)
Ha ein flott kveld !! 

Klem 

søndag 27. mars 2011

Søndagshjerte !!

Da var denne helga over !! Helgane fyk avgårde , no har det jammen meg blitt sommertid også.
Eller vår ? Veit ikkje heilt om det er vår, i natt var det mange minus og på trappa mi står det søte stemorblomster. Trur dei vart ganske kald på beina, får inderlig håpe dei overlever.

I dag har det blitt litt sytid, mine fem snielar er snart ferdig bare litt smådill igjen.
Har lenge gått og fabla om å sy meg eit STORT hjerte , i dag blei det !!
Veldig veldig fornøgd  !!

No har det fått plass på den einaste spikeren som eg har til å henge dillet mitt på ;)
Mannen er allergisk mot merke i tapeten ;)
Eit lite heimelaga påske-egg ligg også og lurer under yndlingsplantene mine .

Kosekroken na mor dette :)
Berre sjeldan du ser den, for i denne stolen blir alt mulig kasta fra seg , ikkje uvanlig å finne fem seks fleesgensere her :)
Dei to søte hjerta som ligg i stolen fekk vi til bryllupet av ei dame som virkelig har sansen for det vakre :)


Nei no er det vel tid for å gjere seg klar til ei ny og innholdsrik veke , deilig med seinvakt i morgon :)
Ha ei flott ny veke og tusen takk for koselige kommentarer !!
Har god plass til fleire ;) Veldig enkelt og kommentere under anonym, men husk og skriv navnet ditt slik at eg veit kven kommentaren er fra ;)
 Klem og kos fra

torsdag 24. mars 2011

Uteliv !!

Drittveret fortsetter , da kan det vere kjekt å tenke tilbake på lørdagen som var ei fantastisk nydelig dag. Vi brukte dagen oppe i beite i gapahuken vår , der grilla vi pølser kokte kaffi på bål.
Besøk av mi gode veninne Hilde med barna og svogeren med barn , vi kosa oss.
Pepperkaker fra jul gjekk ned på høgkant ;)

Kansje nokon er lei av å sjå på termosen min , men han er berre såååå fin !!
Ved dette langbordet har vi spist dei fleste søndagsmiddager fra mars til mai dei siste åra , så sant det er ver :)
Når ej sit her med kakao og koser meg tenker ej ofte på kor heldig vi er som har denne flotte utsikta å kvile blikket på.

Kongestolen er Lillebrors plass . Pappaen saga ut stolen for fire år sidan , skikkelig koselig plass å sitte.

Her er litt av gapahuken, med grue og benker.

Måtte berre vise at fuglane mine har vore ute å lufta seg :)

Gapahuken ligg i beite rettover huset vårt, tar ca 5 min å gå. Perfekt avstand til ein ettermiddagskaffi etter jobb no på våren, no er sola der til kl 18 men snart skin ho mykje lenger , DEILIG !!!


Med dette hærlige bilde av lillebror som har lånt pappas solbriller ønsker eg alle ei flott helg !!
Velkommen til alle nye følgere , sååå koselig !!!!!

KLem

onsdag 23. mars 2011

Lengsel og gleder !!

Lengselen mot vår er veldig stor om dagen ,ute bles det heilt forferdelig . Det regner i strie strømmer , men litt positivt er det no når snøen renn av markane.

Litt deilig pastell blanding på benken , gjer noko med deg.
Du blir glad av å drømme om sommer og kaffi på terassen.


Ei lita samling ustrøkne koppehanduker ;)

Dei deiligaste små pillarane du kan drømme om, men bare se ikke spise :)

I dag var eg så heldig å få meg 6 slike nydelig rosa puter til nyterassen med Svigerfar.
Kan nesten ikkje vente med å ta dei i bruk, planen er å bygge langbord og ein langbenk på terassen når våren kjem. Gleder meg så sommerfuglane flyg i magen  !!
Tenk å sitte der og steike seg i solveggen med ein deilig kaffikopp og rosa is.

Men men vi får no bare vente på denne våren, den kjem eigang! Inn til videre må vi glede oss over alt det gode som fyller dagane våre. Som gode veninner med og utan søte ranunkler :)
Som snille barn med mange artige komentarer , gode snille mammaen min som gjer morgonane med tidligvakt lettvindte.
Og mange mange andre store og små gleder som gjev  varme i kvardagen.

Ha ein strålande flott onsdag kveld !!

Skulle veldig gjerne vore på Zumba no , men når mannen jobber og ferjene går berre no og da så får vi ta det igjen ein anna dag :)

KLem MILLA


Min bloggliste

Totalt fra 20.02.10

Besøk i dag

Online