Hei igjen !!!
Lenge sidan sist no , hadde ein plan om masse terasse blogging i sommer men sommeren kom aldri .
Sommerblomstrane står fortsatt i vinduskarmen , dei stakkarane som slapp ut drukna.
I dag er det øsepøse regnver, og med det kom blogglysta tilbake .
Tida er inne for å dille rundt i heimen igjen , i sommer har alt stått på stedet hvil.
Men no siste dagane har eg kjendt på at lysta til å gjere noko anna enn nødvendig husarbeid komme snikande.
Denne veka blei eg eit år eldre , og mine super søte veninner overdryste meg med gaver . Blei heilt overvelda og alle tinga har no funne sin plass i heimen, som denne lekre kassa med orkide og flaske .
Sååå fint , dokke e så alt for snill !!!
Ellers er det ikkje så mykje nytt , har blitt ein del hekkling i sommer , skal vise dokke prosjekta ein anna dag .
Jo litt nytt er det , store pia har begynt på ungdomsskule , ho stor trivest der.
Ønsker alle ei koselig søndag !!
KLem fra
