fredag 4. juni 2010

Pioner og vennskap

Først av alt vil ej takke for utrulig mange besøkende siste dagane , kjempe kjekt. Velkommen til alle nye følgere det varmer veldig !! Har også gjordt noen endringer så no er det ingen problem å komentere som anonym, hadde vore kjekt om enda fleire la igjen spor etter seg !! Da hadde ej blitt gla da !!!

I dag er det fredag og helg igjen, ser jammen ut til at det skal bli sol og forhåpentligvis varme










.

Om dagen føler eg at eg er veldig heldig som har utrulig mange gode veninner. Desse nydelige pionene fekk eg av Siv Anita sist fredag , dei har stått og spredd glede med sine nydelige knupper heile veka. No ser det ut til at nye snitt og varmevatn har satt fart på herligheita, innan eit par dager no kan eg nyte desse fantastiske rosa juvelene.


Ønsker alle ein flott fredag !!
Her skal vi sjå om ikkje støvsugeren blir mett til denne helga også :)


Gratulerer med dagen til mitt eldste tantebarn Daniel som blir 14 år i dag !! Tida gjeng jammen fort !!

Klem fra   

onsdag 2. juni 2010

Sjå kor koselig.

Må berre vise desse koselige øyeblikka som eg fanga i går ettermiddag. Hørte ungane utafor huset og kikka ut vinduet da smelta hjertet veit du ;) Babyane våre :) Ha ein flott dag alle saman !

tirsdag 1. juni 2010

Mitt bidrag til NiB utfordring juni

Her er mitt bidrag til NIB utfordring i juni. Bilde er fra skjenken min i stova.

Jordbær

Kva er vel flottare å pynte med ein røde søte jordbær no når det er sommer. Har sydd meg eit lite fat med bær som ikkje rotnar. Ein skikkelig slankemuffins gjer også susen no når bikini sesongen nærmar seg med storm.Her er det strålande sol i dag, mor må ut av huset for store jenta skal ha heimedag og gjere husarbeid bake og lage middag . Gleder meg  !!!  

mandag 31. mai 2010

AWARD

Eg har vore så heldig å få denne søte awarden med min gode veninne Marianne med den koselige bloggen Hverdagslykke. Tusen tusen takk du er ein knupp !!! Med den fulgte det ei oppfordring om 7 ting eg har lyst til eller ønsker meg . HUM HUM skal tru ......... får prøve :
♥ Stor terasse
♥ Å ikkje bli vekket av saue bjeller kvar natt
♥ Ein koselig familieferie
♥ Male spisestua på kjøkkenet
♥Ny symaskin
♥ Bli bra i nakken og få gå på jobb igen
♥ Ein jobb innen interiør ,



Sender denne videre til Monikas liv ;) , i Eidsdalen :)  .Koselig bloggdame som" NESTEN " er naboen, bare ein fjord og litt fjell mellom  ;)

fredag 28. mai 2010

UT AV SKAPET !!

I går flytta eg rundt på  pynten min på stova og den blei som ny stove. Elskar å dille rund , alle dei forskjellige muffinsane fekk fat og gamle vaser kom ut av skapet. Alt dette blei gjordt medan gjærdeiga heva seg, og deilige kanelboller fylde huset med nydelig duft. Ønsker alle ei flott helg, her har vi kaldt men flott ver.


Velkommen til nye følgere kjempe koselig håper dokke trives :)


Takk for alle koselige komentarer som eg har fått siste tida, set utrolig stor pris på det !!!! Dokke gjer kvar dag til ein solskinnsdag !!! 



STOR KLEM 

torsdag 27. mai 2010

Sjå ka ej fant !!!!

Sist gang eg var i byen kom eg over desse fantastisk flotte melkespannene hos mester grønn Dei er berre så utrolig koselige, har lenge vore på jakt etter slike men ikkje funne , men kva har ikkje butikken i mitt hjerte !!! Så løp og kjøp damer !!! Billige var dei også 100 for den lille og 200 for den store.Mestergrønn på Ålesund Storsenter den beste mestergrønn som finnes !!!

tirsdag 25. mai 2010

LAMBI

I år er vi så heldige å ha 3 flaskelam. Elias er heilt oppslukt i dei , 5 ganger for dag er han i fjøset for å gi dei flaske og kose med dei. I går kom dei på at dei skulle prøve kaninbandet på eit av dei og det gjekk no utmerket. Amalie fekk tilogmed suss :)

mandag 24. mai 2010

frøken tilda

I går kveld fekk store søster tilda seg hår,dette er min andre dukke. Bilde av den første kjem seinere i dag.Er veldig fornøyd så eg trur nok fort at huset kan bli overfyldt med slike sommerlige frøkener. I dag ser det ut som sola kansje kan stikke ut her, da blir det deilig uteliv. I går var vi på sætra, karane tomta til ny hytte medan eg og Elias steikte pinnebrød og poppet poppkorn på bål ein skikkelig kosedag.ha ein flott dag allesaman !

torsdag 20. mai 2010

Nydelig sommer stemning !

I dag er det atter nydelig sol og god temperatur. Starta dagen med ein deilig tur til sætra, vi skal til å bygge ny hytte og da er det greit at der er litt proviant. Har sett årets første orm , den er vel freda men hadde det ikkje vore for at eg er livredd skulle eg nok tatt knekken på den , det utidige hendelse. Ettermiddagen har blitt nytta i solveggen nedafor smia vår som ungane bruker til leikehus. Fant eit gammelt bord på garden, det er no skakt og fole men har no ein sjarm . Deilig å sitte her og nyte sola og sjå på fjorden.

onsdag 19. mai 2010

Min første Tilda !!

I dag har min første tilda blitt til, det vil nok enda gå noen dager før ho får sjå dagenslys da eg mangler hår. Synest sjølv den blei veldig sommerlig, blir nok ikkje så lenge til ho må få seg noen søstre.I dag har vi strålende sol og 15 grader så sommeren nærmer seg. Ha ein fin dag alle saman !!

mandag 17. mai 2010

17 mai

Da er dagen nesten over og vi har kosa oss i lette regnbyger. Dagen starta med kirke, tog,og enda opp på ungdomshuset der vi spiste pølser og is. Amalie var ivrig med på leikane, her dirigerer ho høgre eller venstre mellom kjeglene, ikkje heilt lett :) Elias har sprunge 60 m  og spist masse is og marsipankake.
Seinare på dagen kom foreldra mine og lille søstra mi som er russ på middagsbesøk til oss,veldig koselig.
Det har vore ein litt rar 17 mai , for midt opp i all gleda døde oldefaren min,barnas tippoldefar på 103 år. Det var eit venta dødsfall men likavel litt rart å tenke på at gamlefar ikkje lenger er blandt oss. Men når du har levd eit 103 år langt liv kan du ha lov til å gå bort medan flagga heng til topps.
Håper alle har hatt ein strålande dag, no er iallfall eg klar for køya :)  KLEM

Min bloggliste

Totalt fra 20.02.10

Besøk i dag

Online